Fyrste september gifte Gunhild og Roy seg i Bygstad kyrkje med påfølgjande fest på Åmot gard. Eit storveges bryllaup som varte frå fredag til søndag – og som seint vil bli gløymt.
Min gamle frende og svirebror Are Frode Søholt tok for fire fem år sidan initativet til ein festival for kammermusikk i heimbygda vår Gloppen. Dette var ikkje nokon enkel idé å kome på – sjølv om det er betydeleg lettare å tenkje den enn det må ha vore å realisere den. Are Frode har altså […]
Mine gode vener Edle og Kåre gifte seg i Øre kyrkje, 4. August 2007 og feira med ein durabeleg fest på Håholmen Havstuer etterpå! Tusen takk for ei storveges oppleving og all mogleg lukke vert ynskt dykk!
Ane, den fyrstefødde (av ei lang rekkje?) til mine gode frendar Hege og Anders gjorde sin entré på Kvia på Ytre Fitje 20. Juli 2007 grytidleg om morgonen! (Biletet er teke 2 veker etter “ankomst”)
Gloppen Boksete: Per Sivle, Alfred Fidjestøl – og Anders A Fitje