Plan for Fisketur til Skottland 2003

Når Anders, Harald, Håvard og underteikna skal skal på fisketur må det planleggast – grundig. Ved ein gjennomgang av den etterkvart nokså antikvariske datamaskinen heime i stova fann eg mellom anna dette dokumentet.

Fisketur i Skottland

Destinasjon

Aberdeen

Aberdeen er valt kun og blott fordi det er ein grei stad å ta seg fram til frå Noreg. Det kan godt vere at staden er om lag som Førde for alt eg veit. Uansett – det er Skottland og vi kan sikkert klare å overtyde dei vi fortel om turen til etterpå at det var ein utmerkt stad!

Aberdeen er kjent som granittbyen (i motsetning til Førde som er kjent som asfaltbyen – eller kanskje berre asfalt). Det er også oljehovudstaden i Europa på same måte som Stavanger er det i Noreg. Noko som borgar for ei rekkje oljearbeidarar med låg og fallande moral samt ei rekkje falne kvinner med permanent tilhald på land.

Avreisedato: 21. August

Ankomstdato: 25. August

Reise og reisekostnader

Bergen

Turen endrar pris kvar gong eg søker – irriterande… Det verkar som om det mest frekvente resultatet er 2388 kroner med Coast Air tur/retur… Det er ikkje så hakkande gale. Flytidene er også meir eller mindre ideelle og gjev maks utteljing på tid i høve hotelldøgn…

Dette er vel mest aktuelt for meg, Harald og ev Anders dersom du er heime i August?

Tur: 08:35 (08:55)

Retur: 17:25 (19:55)

Pris Type Pris   Skatt  

Norske Kroner

Publisert   1720.00 + 398.00 X 1 Voksen =

2118.00

Pris totalt

=

2118.00

Oslo

Turen verkar å koste 3164 kroner meir eller mindre uansett. Det billegaste er å reise frå Sandefjord – ikkje Gardermoen. Ein kan då reise tidleg på morgonen og kome seg attende rimeleg seint på måndagen på ettermiddagen

Dette er vel primært Håvard og Anders som kan nyttegjere seg av – litt avhengig av kvar de er hen i August!

Tur: 07:15 (08:55)

Retur: 15:50 (19:50)

Pris Type Pris   Skatt  

Norske Kroner

Publisert   2620.00 + 544.00 X 1 Voksen =

3164.00

Pris totalt

=

3164.00

Overnattingskostnader

Har ikkje sjekka så grundig enno, men det verkar som om grunnlinja for overnatting ligg ein stad mellom 45£ – 70£  for natta for eit dobbeltrom (twin – for Guds skuld) inklusive frukost. Vi har budsjettert med fire overnattingar…

Overnatting er nok dyrare inne i Aberdeen enn ute i ”provinsen” – ettersom vi skal på fisketur er det vel rimeleg at vi vel oss ein av dei mindre stadane for ei natt eller to i alle fall

Eg vil gjerne ha hjelp til å finne ut kvar vi bør satse på å reise til…

Lesestoff

På denne sida kan de freiste å finne ut noko om fiskemoglegheitene http://www.fishing-uk-scotland.com/. Klikk på The Fishing og Grampian regionen for å kome til Aberdeen området.

Både Dee, Spey og Lossie er velkjende elvar frå dette området. Spey høyrest ut som ein stad med tett vegetasjon langs elvebredda – ikkje sant Harald? Tay er heller ikkje langt unna på veg sørover…