Eikaasgalleriet på Ålhus i Jølster

Opp gjennom åra har eg registrert at skilting er noko som kan medføre mykje harme og som kan legge grunnlaget for godt og langt fiendskap grunneigarar og vegmyndigheiter imellom.

I Ålhus i Jølster kan ingen skulde Statens Vegvesen for å ha vore for restriktive med omsyn til skilting. Rett framfor ein heil vegg dekt med namnet “Eikaasgalleriet ” står det eit skilt med same påskrift og ei hjelpsam – om enn overflødig – pil som peikar mot galleriet.

Det er altså ikkje skiltinga som gjer til at Eikaasgalleriet slit med besøkstala. Kva kan det då vere?