Då eg skulle på besøk i Huus!

På hammaren ovanfor Labakken stod det ei lita, gul leikestove innimellom nokre gamle apallar. Den var ikkje ofte i bruk – og inni var det heller smått med inventar, berre ein underleg utsjåande stol som var halvrund i ryggen, underleg smal og helst litt vaklevoren.

Det var her eg søkte tilflukt ein sumarleg ettermiddag før eg var byrja på skulen. Mormor Kristense hadde gjort framlegg om at vi skulle gå på besøk i Huus, slik at ho kunne prate med venninda Anna Huus, medan eg kunne leike med Halvard og Anders, som båe heldt til i grannehuset.

Eg var på dette tidspunktet byrja å bli styrkt i trua på at dei før nemnde jamaldringane mine ikkje var slike snilde gutar som det foreldra deira, og mormora mi, hadde fått føre seg. Ved fleire høve hadde dei kasta Lego på meg – og jamvel gjort teikn til å gle seg litt ekstra, om dei traff på stadar der det gjorde skikkeleg ilt.

Det var difor ikkje med entusiasme og samarbeidslyst eg møtte forslaget til mormor, men som det så ofte var på den tid, vart høyringsuttalen min ikkje teken til fylgje. Ei etter måten lang hand, kom stikkande inn døra på leikestova, famla etter ein skjorteflik eller anna tenleg handtak – og drog meg ut or gøymselen.

I eit desperat forsøk på å omstøyte lagnaden min for dagen – tok eg rennfart og gauv på mormor. Her kan det vere på sin plass å nemne at mormor var godt opp i trettiåra før ho nedkom med mor mi, som i sin tur var godt opp i trettiåra før ho klemde ut meg. Pluss på dette fem-seks år – og du står att med ei dame av respektabel alder og med tilsvarande skrøpeleg helse.

Mormor for kast-i-kast baketter reina, inn mot vegen, og ei bylgje av anger, eller i alle fall redsle for represaliar, kom over meg. Som ved eit under reiste mormor seg uskadd frå hendinga men sende no eit blikk som gjorde det heilt tydeleg at vedtaket var endeleg og upåklageleg. Glad av di eg ikkje hadde kvesta den aldrande slektningen min gjorde eg det einaste som stod i mi makt. Eg gav etter.

Det einaste eg hugsar frå resten av dagen er at eg stod ved foten av trappa i fyrsteetasjen på huset til Anne og Hermod, medan Legoklossane hagla kringom øyra mine frå andre etasje. Over ein improvisert barrikade oppe på trappa, såg eg jamnleg armane og stundom andleta, på dei to som kasta. Etterkvart gjekk dei tome for skyts. Då minnast eg at dei ville ha meg til å bere oppatt noko av Legoen til dei, slik at åtaket kunne halde fram.

Det vart ein lang ettermiddag.

Ragna Mykland hadde på søndagsskulen lært oss kva som stod på spel om vi ikkje stelte oss skikkeleg her i livet. I trygg visse om at Anders og Halvard i alle fall ikkje kom til å kaste Lego på meg i det neste livet, rusla eg seint på ettermiddagen opp Gunnja-flatene, med handa trygt plassert i det faste grepet hennar mormor.

2 Comments

  1. Anders A

    Du kunne no ha bore opp att noko av legoen. Tenk på alt slitet vi hadde med å finne andre ting vi kunne kaste. Det var utakksamt, om eg skal seie mi rette meining!

Comments are closed.