Etter å ha flytt attende til Sandane frå synda sin eigen heimstad, Oslo, har frende Anders A Fitje teke initiativ til ei tilstelling i litteraturen sitt namn, Gloppen Boksete.

Boksete er, til liks med “beverpelsen” til Agnar Mykle, eit vakkert ord som det ikkje utan vidare er lett å bli klok på – om du då ikkje står skriven i Vestmannalaget.

Eg har bestemt meg for at det er eit ord samansett av delane “bok” og “sete”. I ein flora av stadig fleire veike riksmålsnemningar, engelske orddelingar og tynnslitne moteord, er det godt å sjå eit slikt traust namn.

Hadde Gloppen Boksete blitt arrangert i Oslo, hadde namnet truleg vore “Bokbadet 2.0”.

Kveldens tema var livet, forfattarskapen og lagnaden til Per Sivle, representert ved Alfred Fidjestøl sin Sivlebiografi, “Eit halvt liv”, som kom ut i august i år.

Eg hadde lite kjennskap til Sivle, fyrst og fremst gjennom novella “Berre ein Hund”, som då eg las den, trefte meg midt i rettferdskjensla mi. Eg hadde også vore på nokre samlingar der leiar i Sivlelaget, Jens Brekke, deklamerte or samlinga “Vossa-Stubbar” – men det var alt.

I kveld lærte eg om mennesket Per Sivle, som kom “uekte” og uynskt inn i verda, som levde eit plaga liv, og til sist forlet det ved eiga hjelp. Om pietisten Sivle, som var redd for at det skulle vekse hår i handflatene hans, om alkoholikaren Sivle som drakk seg gjennom Europa på statsstipend – men også om det ljose mennesket og humoristen Sivle. Stort mangfald – mykje å tenkje på.

Noko av det siste Sivle publiserte før han tok sitt eige liv, var eit sjølvmordsbrev på verseform, diktet “Eit ord”. Opninga lyder slik:

“Ja, no skal Noreg ha Takk fyr meg.
Og så fær då kvar ein syta fyr seg.
Eg gjorde mitt, og det var ikkje stort.
– Men endå eg segjer at gjort er gjort.”

Dette arrangementet har livets rett, tenkte eg med meg sjølv då eg drog heim, Anders har lukkast.