FyrstikkerEin fin ettermiddag då vi var i 10-11-årsalderen fann granne Håvard Nordvik og eg ut at vi skulle freiste å sanke mat slik forfedrane våre hadde gjort før oss – lenge før oss; vi skulle skyte – og deretter steike ein av desse ståkete måsane som det var så mange i det som seinare skulle kome til å bli Bukta Fuglefredingsområde! Vepna med nyspikka sprettertar budde vi oss til til strid – og sykla ned til Huusasaga på Granden.

Av årsaker som vart tydelege for oss denne dagen har spretterten sin plass i nyare norsk jakthistorie ikkje vore spesielt stor. Dei viktigaste problema med spretterten som jaktvåpen var at skytset sjeldan nådde fram til fuglen, og dei gongane skytset nådde fram, resulterte det ikkje i anna enn at fjørne til fuglen kom litt i ugreie.

Det virka ikkje som måsen i Fitjefjæra tok Håvarden og meg alvorleg som jegarar, men etterkvart må dei ha opplevd oss som irriterande; i alle fall drog dei sin kos etter ein time eller så med intensiv men resultatlaus jakt.

Håvarden var – og er framleis – ein mann av handling. Han kunne difor ikkje stå og sjå på at planen vår fall i grus. Etter eitt kort rådslag vart det fastsett at vi skulle lage bål fyrst og skyte “middag” etterpå; på den måten ville vi i alle fall ha bålet.

Det var ein overmåte tørr dag og det var lenge sidan det hadde regna – såleis var det ikkje vanskeleg å finne eigna bålmateriale. Bål var enkelt; bål var noko vi kunne – og om jakta hadde gått dårleg fungerte bålet over all forventning. I løpet av nokre få minutt hadde vi eit velvakse bål mellom oss, og berre minutt etter det igjen; ein grasbrann som var fulstendig ute av kontroll.

Den einaste reiskapen vi hadde for å avbøte situasjonen var ei tom colaflaske. Vi mistenkte at dette kanskje ikkje ville vere nok, noko som vart stadfesta i det to hektar tørt bringebærris tok fyr med ein sprakande lyd.

No når det var klart at vi ikkje kunne gjere noko for å avbøte situasjonen vart den neste oppgåva å finne nokon som kunne ta skulda for udåden. Så vidt oss vitande var det ingen som hadde sett oss, såleis hadde vi eitt breitt utval av moglegheiter når vi skulle koke ihop ei truverdig historie.

Vi hadde høyrt mykje om plagene som følgjer med det å vere røykjar og tenkte at ei plage frå eller til knapt kunne gjere nokon skilnad. Såleis bestemte vi oss for at vi hadde sett nokre røykjarar nede ved Løken – vi hadde jamvel sett at dei kasta frå seg sneipar. I ettertida sitt skarpe ljos kan ein kanskje seie at dette var ein litt vel lageleg observasjon – men der og då verka den rimeleg og naudsynt for å underbyggje vår eiga uskuld.

Flammane hadde no teke retning for feriehuset på Granden og vi byrja å ane at dette slett ikkje trengde bli så bra. Vi sykla det beste vi vann opp i Huusatunet, der vi ringde frenetisk på døra utan at nokon kom ut. Ironisk nok var Hermoden framme i Fitjedalen og brende bråte denne dagen.

Samvitet var betre no som vi hadde freista å melde ifrå om røykjarane. Vi hadde trass alt gjort vårt. Likevel gnog det oss litt at dette huset nede på Granden kunne kome til å gå opp i røyk. Vi hasta difor opp i Gunnja der vi fortalde Inger, mor til Håvard, om røykjarane vi hadde sett og kva som var i ferd med å skje nede ved Løkabrua. For å vere trygge på ikkje å kome i eit uheldig lys gav vi kanskje ikkje eit heilt fullstendig bilete av situasjonen. Når Inger spurde om det var Hermoden som dreiv kontrollert avsviing av marka svara vi at vi ikkje trudde det – men at vi naturlegvis ikkje kunne utelukke noko.

Inger var tydeleg stolt av den ærlege sonen sin og kameraten hans som gjorde seg slik umake for å hjelpe grannen sin. Såleis diska ho opp med eple og brus som vi inntok sitjande på haugen innom Gunnjastova. På dette tidspunktet hadde vi mest overtydd kvarandre om at vi sjølve ikkje hadde noko rolle i brannen, og at dette fullt og heilt skuldast dei aktlause røykjarane og dei helselause sneipane deira.

Vendepunktet kom litt seinare på kvelden då far til Håvard, Rune, kom heim frå kontoret. Han hadde sykla denne dagen, og der han ved avreise hadde sett to velkjende karar i arbeid med å sanke saman tørrved, var no heile den tilliggande innmarka avsvidd. Ingen hus hadde imidlertid gått med.

I nærmøte med eit autoritært augevitne vart det vanskelegare for Håvarden å underbyggje historia om røykjarane. Etter ei tid gav han etter for presset og tilstod alt. Eg var på dette tidspunktet reist heimatt, men på grunn av vidunderet med moderne telekommunikasjon vart eg allereie same kvelden innhenta av sanninga.

– Eg er skuffa over deg, sa mor Asgjerd, med eit fordømmande tonefall i røysta.

– Øøøøh…, sa eg unnskyldande.

– Du har loge for meg, sa mor Asgjerd, med gråt i halsen.

– Øøøøh-øh…, sa eg angrande.

– Du – du – du, sa mor Asgjerd, men kunne ikkje kome på noko meir å seie.

– Øøøøh-øh-øh, sa eg samtykkjande, og så gjekk ho sin veg.

Pendelen hadde svinga; på kjøkkengolvet, der den gode grannen som hadde meldt ifrå om dei aktlause røykjarande hadde stege berre minuttar tidlegare, stod det no ein molefonken brannstiftar.