Til skilnad frå dykk sein-patriarkane borte på Gloppestad er som du veit Bukta-mannen ferdig reformert og medviten si rolle i det nye samfunnet. Som ein representant for denne gruppa er eg såleis jamnleg å finne på kolonialvareforretningar i små og mellomstore ærend.

I går ettermiddag, medan eg stod på Rema og reflekterte over kva grønsaker som best kunne tenkjast å stette ernæringstrongen gjennom julehøgtida, vart eg merksam på noko som rørte seg ute i periferisynet. Imot meg, vakker som ein vårdag, og etter det eg kunne sjå utygd av tida si tann, kom Ingrid Apalset.

Som ein kvar tilrekneleg Gloppar tenkte eg på eit ordskifte med Ingrid som oppleving svanger med glede. Men det kva den no enn var svanger med nedkom den i alle fall ikkje med glede… for Ingrid hadde førebudd ein annan liturgi denne dagen.

Ho kunne fortelje meg at i eit liv som fram til då hadde vore prega av velstand, progresjon og lukke hadde alt gått i hundane etter sist gong vi møttest – då eg med forsett, kaldt blod og under særs skjerpande omstende hadde gjeve henne COVID.

Denne vendinga i samtala var uventa.

Eg stotra fram noko om at eg ikkje hadde noko minne om eit slikt hendingsforløp. Eg skøytte også på at eg tykte det ikkje høyrdest heilt rimeleg ut at eg med overlegg, vitande vilje og kirurgisk presisjon skulle ha gått etter HENNE med sjukdomen min.

Det skulle eg visst IKKJE ha sagt – for då smalna augene hennar og ho gjorde det tydeleg at ho på si side ikkje fann det urimeleg i det heile teke.

Med eit tonefall som var fritt for nestekjærleik, men som hadde klare notar av syre, spurde ho om det var slik at eg gjekk ikring og trudde at eg var eit “godt menneske”? Om så var, kunne ho korrigere denne vrangførestelligna på staden!

Som tilfellet alt for ofte er kom eg ikkje på noko kraftfullt å seie som kunne stille meg sjølv i eit betre ljos. I staden stod eg der som ein skårfast dalasau og tok innover meg påtalemakta si prosedyre utan avbrot eller motsegn. Når Ingrid etterkvart hadde sett ord og tone til det vesentlege av kjenslene sine, avrunda ho med å seie at ho ikkje var betalt godt nok til å stå og snakke med slike som meg, og rusla vidare utan seremoni eller høgtid.

(Om du måtte innvende at dette ikkje høyrest HEILT ut som som orda eller gjerningane til DEN Ingrid Apalset DU kjenner, vil eg presisere at det som er skrive ovanfor er ein nøyaktig reproduksjon av den sentrale bodskapen hennar – i ÅND om ikkje naudsynlegvis i BOKSTAV.)

Til skilnad frå Katolikkane som kan få tilgjevnad for ugjerningane sine langsmed, lyt vi Lutherianarar forvalte porteføljen gjennom heile livet. Etter eit halvt århundre som syndar kan søvnen min knappast karakteriserast som verken rein eller skuldlaus. Men… mellom dei talrike menneska eg har gjort urett oppgjennom åra trudde eg IKKJE at Ingrid Apaleset skulle tårne høgst og fremst.

Dette plaga meg – og utover ettermiddagen klarte eg ikkje å sleppe tanken på at det var noko ved dette dette som ikkje verka heilt rett.

Etter å ha fylgt tråden attende i tid kom eg til at skuldinga må vere knytt til Jula 2021.

Den jula var meir enn to tusen Glopparar vekselvis butikkgåande, sengeliggjande, kinogåande og juletrefestdeltakande med den aktuelle sjukdomen. Medan eg hadde site pandemifast i Belgia i 18 månader med portforbod og kohortavgrensingar, agerte Glopparane for alle praktiske føremål som om sykja ikkje fanst.

Rett skal vere rett; eg VAR sofabunden eit par dagar den Jula – men utan at det på noko tidspunkt var stilt nokon diagnose. Likevel var det EG, mellom desse 2000 som var peika ut som den uomtvistelege rota til alt som hadde gått gale i livet til Ingrid i tida etterpå; ikkje det at det såg ut til at mykje hadde gått gale med henne – men det fann eg det klokast å ikkje poengtere under omstenda.

Medan eg gjekk og grunna på dette kom eg på ein detalj Ingrid hadde supplert i ei innskoten relativ undersetning, men som eg ikkje hadde teke innover meg før: ho sa at “Harald Slettvoll” hadde fortalt henne dette.

– “Harald Slettvoll”, tenkte eg. Hm.

Kunne det vere “Harald Slettvoll”, den framståande eksperten på smittsame sjukdomar ho refererte til? Eit raskt søk på Google synte at det ikkje fanst nokon slik Slettvoll der ute og at det såleis lite truleg var han.

– “Harald Slettvoll”, tenkte eg att. “Eg kjenner då verkeleg ein slik ein, men han er no bankmann, og det kan no vel ikkje vere HAN som går ikring og framstiller seg sjølv som nokon autoritet på sjukdomspreiing?”

– “Eller… kan det det?”

Ettersom ettermiddagen vart til kveld byrja tvilen å gnage i bakhovudet. Under dei rette omstenda kan han vere svært meddelsam denne Harald Slettvoll, men at DEN VONDE SJØLV skulle ha fått slikt eit tak om sjelsdjupet hans at han no gjekk ikring og kveikte eld under skjøre venskapsbruer mellom Nord- og Sørstranda det hadde eg vanskeleg for å tru.

Som ettermiddagen hadde blitt til kveld vart kvelden til natt og som myrkret tjukna om husnovene vart tvilen erstatta av visse. Det måtte vere DEN “Harald Slettvoll” det var snakk om.

  • Den “Harald Slettvoll” som er kjend for å spring vitlaust i motbakkar i utrengsmål og dårleg ver?
  • Den “Harald Slettvoll” som utan anger, skam eller blygsel har busett seg hjå dei vantru i Førde?
  • Den “Harald Slettvoll” som går ikring og proklamerer dom over årsaks-verknadstilhøve innan ålmennmedisin utan noko form for kvalifikasjon i det heile?

No… no vil eg gjerne høyre kva han har å seie til sitt forsvar, eventuelt mitt.

(Stein) Runar Bergheim
(inntil nyleg, og for eige vedkomande framleis, ven av Ingrid Apalset)

No responses yet

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.