Medan eg for nokre dagar sidan fortvila leita kringom på verdsveven i håp om å finne gode forslag til korleis ein toastmaster skulle te seg fann eg ei utømeleg kjelde til fordummande vitsar og grundig utbrukte idear.
Som kjent kan fantasien kan sjeldan eller aldri konkurrere med røyndomen så eg byrja å leite i historiske kjelder for å finne ut litt om bryllaupstradisjonar og -skikkar som var vanlege før.
I møtebokregisteret for formannskapa i Sogn og Fjordane hjå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane fann eg mellom anna at sjølvaste gullalderen for lystige bryllaup må ha vore tett før 1840:
- I Sogndal vart det i 1839 freista oppretta ei “forening til innskrenking av overdådige bryllaup” men dei fekk ikkje stor nok oppsluttnad
- I Gloppen vart det i 1838 og 1839 handsama tre saker om skyting, uskikk og brennevinsdrikking ved kyrkja i samband med bryllaup
Eg fann også at dette med å gifte seg tydelegvis dreiar seg om meir enn berre kjærleik to menneske imellom. Det er eit relativt komplisert lovverk som regulerar det heile der berre 5 paragrafar omhandlar sjølve ekteskapsinngåinga medan dei øvrige 94 omhandlar rettar partane imellom med vekt på kva tida etter eksteskapsoppløysinga.
- Dei 10 boda som dekkjer framferd innan alle samfunnsområde er på 77 ord
- Grunnlova av 1814 som enno har sin eigen fridag er på 7 560 ord
- Lov om ekteskap av 1993 er på heile 12 133 ord og regulerar – så langt eg kan sjå – alt så nær som sjølve kjærleiken