Grunna dei varme og sterke kjenslene eg nærar til fjernsynsapparatet eg kjøpte i Oslo for ei god veke sidan (men ikkje har fått heim enno) er eg no på veg til Oslo i bil.
Min gamle far på sytti-eitt-eller-anna har tungt for å akseptere at alderen har kome til han også – og at tida er mogen for å pensjonere seg frå langtransportbransjen.
Konsekvensen av dette er at han kvar veke køyrer fram og attende til Oslo frå Sandane. Det vil seie, heilt til forrige veke då han la seg heime for å sjå sport for tre veker frametter.
Dette betydde altså at fjernsynet mitt med alle sine 37 tommar skjermflate vart ståande att hjå mi kjære tante i Oslo.
No er eg i kolonne på veg austover frå Borlaug over Hemsedalsfjellet.
Alt dette for ein TV!