Skip to content

Bergheim.dk

(Stein) Runar Bergheim on the Internet

Primary Menu
  • Home
  • På Norsk
  • In English
  • Gallery
  • Home
  • 2007
  • October
  • Paintball med blåbær og luftgevær
  • Forteljingar & minne

Paintball med blåbær og luftgevær

(Stein) Runar Bergheim 17.10.2007

Då eg var liten, i den grad eg nokon gong har vore skikkeleg liten, hadde eg ei uvanleg sterk interesse for skyting og våpen. Eg snakka om våpen, eg teikna våpen, eg spikka våpen og eg bygde våpen på sløyden.

Eg hadde i lange tider gått kring og stirra, med eit lengtande blikk, på den gamle Krag-Jørgensen rifla som stod i klesskåpa i gangen på Labakken – likeeins Kongsberg-Remington hagla ved sidan av. Følgjeleg maste eg dag og natt om at desse altara måtte brukast – det måtte skytast – men sjølv eg forstod et eg på det tidspunktet var for liten for både Krag’en og hagla.

Til sist vart det klart for bestefar at den einaste utvegen var å skaffe til gards eit luftgevær.

Luftgevær manglar ein av dei viktigaste og kjekkaste tinga ved vanlege gevær, nemleg smellen. Lyden av komprimert luft som slepper ut gjennom løpet på eit luftgevær er meir for ein “klikkelyd” å rekne enn ein smell – og er langt ifrå å framkalle den tilfredstillande kiminga, som etter eit rifleskot fortel deg at du nett har redusert høyrsla di med 10%.

Likevel var luftgeværet eit stort framsteg for den krigerske yngstesonen på Kleiva. No kunne eg øydelegge ting på avstand.

Bestefar hadde stor tru på blinkskyting og med ukueleg optimisme hadde han gått til innkjøp av nokre urealistisk små blinkar som han stifta opp på eldhusdøra og sette meg til å skyte på.

Dette varte ganske nøyaktig ut fyrste dagen – deretter byrja eg å skyte på andre ting: eg skaut på boksar, kanner, dukker, bamsar og gamle krydderglas. Eg skaut på Star Wars-figurar, lego, småfuglar og kråker. Eg skaut på sprayboksar, lyspærer og glasruter.

Etterkvart som måla mine utvikla seg, vart det ein meir og meir kostbar sport. Luftgeværkuler var ikkje så dyre, men opningstidene var knappe og det var langt å sykle bort på Sandane. Det uungåelege, at eg gjekk tom for ammunisjon på ein laurdagsettermiddag, skjedde før eg ante ordet av det.

Gode råd var dyre og eg byrja å eksperimentere med ulike ting som let seg skyte med eit luftgevær.

Eg skaut knappenåler med bomullsdottar på, eg skaut fyrstikker, eg skaut trefliser, eg skaut leire og eg skaut rosiner. Til sist var det heilt tomt for hushaldningsartiklar av høveleg storleik til å putte inn i kammeret på luftgeværet.

Det var då eg kom på det, “spikar!”, at eg ikkje hadde tenkt på det før! Eg fann fram store mengder 2-tomms spikar med høveleg stort hovud til å fange lufttrykket – og byrja å skyte. Dette var eit stort og grunnleggjande feilgrep.

Hovudet på spikrane var så stort at dei i staden for å bli skotne ut av lufttrykket, skrudde seg framover etter riflene i løpet. Tre-fire spikar gjekk så vidt gjennom – før den femte sette seg bom fast.

Redsla for å tilkjennegje kva som hadde skjedd, til bestefar Anders Labakken, var sterkare enn skytetrongen og eg bestemte meg der og då for at dette kunne vere tida for å finne ein ny fritidssyssel.

Med tid og stunde vart likevel udåden oppdaga og geværet sendt på rekonvalesensopphald hjå “Gunnjadalen” på O.K.Henden. Når det kom att derifrå følgde det med ein krokut spikar og ein handskriven lapp som gjorde det tydeleg kva “Gunnjadalen” tykte om folk som stappa spikar i luftgeværa sine.

På den tid hadde eg også fått fat i nokre katalogar med radiostyrte bilar, båtar og fly – og paintball-utstyr.

Ettersom eg gjentekne gonger prova at eg ikkje var til å lite på i omgong med skytegreier kom det ikkje på tale – ikkje ein gong hjå bestefar – å kjøpe nokon paintballpistol til meg. Dette vakte innovatøren i meg.

Ein seinsommardag eg og granne Håvard hadde eitt eller anna føre oss på Kleiva, kom eg på at vi kunne bruke blåbær i luftgeværet som erstatning for paintball-utstyr. Jau, dette tykte Håvarden var ein utmerkt idé og vi sette med ein gong igong å prøve ut hypotesa.

Vi fylte blåbær i kammeret og fyrte av mot den lyse garasjevggen oppe i Kleiva. Eit tilfredstillande blått merke breidde seg ut frå staden der blåbæret hadde treft veggen og vi vart skikkeleg øsne med tanke på den nye oppdaginga vår!

Vi hadde brukt opp fyrste ladninga med ammunisjon, men var snart borte i lyngen etter meir. Neste steg var nemleg å prøve ut det improviserte paintball-geværet på kvarandre.

Blåbæra vi fann fyrst var svært små men mjuke. Desse skaut fem-seks meter og sette eit fint merke etter seg på treffstaden. Dei neste blåbæra vi plukka var større og gjekk ikkje lenger enn nokre få centimeter framom løpet. Vi vart difor samde om å gå over til mindre bær att.

Til den fyrste testen ladde eg opp kammeret med eitt blåbær som snarare var grønt enn blått, som var høveleg stort – men som heilt utilsikta også var knallhardt!

Håvard føreslo at han skulle stå med ryggen til – slik at han ikkje vart truffen i auga eller andletet. Som sagt så gjort og eg klemde på avtrekkaren.

Blåbærkartet susa ut or kammeret, var ute av løpet, for mot ryggtavla til Håvarden i stor fart – og grov seg godt inn under venstre skulderbladet hans – der det også vart sitjande.

At vi på førehand hadde vore samde om framgangsmåten var med eitt gløymt – i det Håvarden sette i eit gaul som vitna om alt anna enn paintball-moro.

Eg fann det klokast her å kaste frå meg geværet og ta beina på nakken. Naturlegvis tok Håvarden meg att. Det kom til forhandlingar om våpenkvile og ein høveleg sanksjon vart fastsett.

Håvard skulle på kloss hold få skyte meg i leggen med eit tilsvarande blåbær – så var vi skuls.

Dette var siste gongen eg kan hugse at eg skaut med luftgevær i barndomen.

Continue Reading

Previous: Traktor og barne-TV
Next: Feige drengar og feite rotter

Related News

DSC09403
  • Forteljingar & minne
  • På Norsk

Rasmus Bergheim 1932-2017

(Stein) Runar Bergheim 04.07.2017
kort-norsk
  • Forteljingar & minne
  • På Norsk
  • Ting som gler meg

Godt Nyttår 2013/14

(Stein) Runar Bergheim 01.01.2014
Anna Fitje, August 2011
  • Forteljingar & minne
  • På Norsk

Anna Fitje 1910 – 2012

(Stein) Runar Bergheim 17.04.2012 2
  • In English (75)
  • På Norsk (22)

Recent posts

  • I Unåde hjå Gud i Gloppen 31.05.2025
  • Postcard from Cappadocia 26.01.2022
  • The Great Indoors of Arabia 22.01.2021
  • Life in the Desert 21.01.2021
  • The Value of Being Best 18.01.2021
  • The Incomparable Dubai 16.01.2021
  • Bull Wrestling in Fujairah 15.01.2021
  • Don’t They Know it’s Friday? 14.01.2021
  • My Problem with Camels 13.01.2021
  • How an Oasis Looks for Real 12.01.2021

Abu Dhabi Belgium Brazil business car comment Cusco desert drink England facts fishing Fitje France fun Germany hiking hoax holiday humor Internet Ireland IT journal landscape mountain movies music news Nigeria Nigeria letter Norsk notice opinion Peru photo photos Portugal Runar story sunset travel UAE USA weird

You may have missed

ChatGPT Image Jun 1, 2025, 04_45_23 PM
  • På Norsk
  • Ting som undrar meg

I Unåde hjå Gud i Gloppen

(Stein) Runar Bergheim 31.05.2025
  • Frå reiser & turar
  • Videos

Postcard from Cappadocia

(Stein) Runar Bergheim 26.01.2022
DSC_3401
  • Photos
  • Travel & destinations

The Great Indoors of Arabia

(Stein) Runar Bergheim 22.01.2021
IMG_3061_59_60
  • Photos
  • Travel & destinations

Life in the Desert

(Stein) Runar Bergheim 21.01.2021
Copyright © All rights reserved. | MoreNews by AF themes.