I dag kunne ein i avisa Gulf News lese om ein pakistansk drosjesjåfør som leverte attende 9,5 kilo gull og 40 000 USD som nokon hadde gløymt att i drosja hans.

Seinare, same dagen stod det å lese om ein annan pakistansk drosjesjåfør i Dubai som hadde funne 120 000 Euro i drosja si for så å spore opp eigaren.

Dei to artiklane fokuserte berre på at drosjesjåførane var ærlege – ingen av artiklane fann det det minste interessant at nokon faktisk reiser kringom med så store verdiar i kontantar!

Kor mange av dykk er det som reiser kringom med slikt?