Skip to content

Bergheim.dk

(Stein) Runar Bergheim on the Internet

Primary Menu
  • Home
  • På Norsk
  • In English
  • Gallery
  • Home
  • 2007
  • May
  • Varedeklarasjon: Commodore 1541 II
  • Ting som gler meg
  • Ting som undrar meg

Varedeklarasjon: Commodore 1541 II

(Stein) Runar Bergheim 21.05.2007

I Januar 1988 kjøpte eg mi fyrste skikkelege datamaskin, ein Commodore 64 – “ny utgåve”!

Kvittering for Commodore 64 kjøpt i Januar 1988

Det var like over Jul, eg hadde nyleg fyllt 13 år og hadde “lagt meg opp” pengar frå både “jebuss” og Jul før eg som “avlasting” for mor mi skulle på besøk til tante Kjellfrid i Oslo.

Tysdag, 12. Januar, nøyaktig 28 minutt før stengetid, bladde den unge Runar opp to tusenlappar, mottok 10 kroner i vekslepengar og rusla godt fornøgd ut på Karl Johan med ein datamaskin under armen. Derifrå gjekk turen sporenstreks oppatt på Carl Berner der vidunderet vart utpakka og to og eitt halvt års fråvere frå sosiale samanhengar innleia.

Dataalderen

Med unnatak av heilt naudsynte aktivitetar, slik som å tilføre kroppen væske og næring, vart all tid nytta framom dataskjermen. Eller dataskjermen er vel feil å seie: TV-skjermen. For Commodore 64 måtte koplast til eit svært, sterktstrålande og flimrande fjernsyn. Avstanden mellom meg og skjermen var sjeldan større enn 50 cm og eg kunne formeleg kjenne at det “hetna” i skallen medan eg sat der og trykte.

Det er underleg nok mykje som kan seiast om denne tida men det får vere til ein annan gong.

Nedgongstid

På førevinteren 1991 gjekk maskina mi sund. Det var kaldt i rommet der den stod og det var godt å hete føtene på den svære spenningsomformaren til maskina. Men så smelta omformaren, så fastna sokkane og så slokna maskina. Både eg og maskina kom oss att etter denne hendinga men herifrå og ut var det unnabakke.

Det var avgrensa med minne på ein Commodore 64. Det minnet eg hadde lov å programmere til starta på adressa 0801 hugsar eg. Men eg fann også at det var nokre adresser som “nesten” aldri var i bruk også før denne adressa. Eg lagde nokre lure program som nytta dette minnet – og med eitt var det beint slutt på Commodoren og ein ny fase av livet tok til. Den utan datamaskin.

Continue Reading

Previous: To ting som held meg attende
Next: Gevinst: 24 dagar fengsel på vilkår og 1.000 kroner i bot

Related News

ChatGPT Image Jun 1, 2025, 04_45_23 PM
  • På Norsk
  • Ting som undrar meg

I Unåde hjå Gud i Gloppen

(Stein) Runar Bergheim 31.05.2025
20160809-20160809_204042_thumb.jpg
  • På Norsk
  • Ting som undrar meg

“Jernteppet”

(Stein) Runar Bergheim 11.08.2016 2
christmas-card-2015-no
  • Frå reiser & turar
  • På Norsk
  • Ting som gler meg

Godt nytt år 2015/16

(Stein) Runar Bergheim 01.01.2016
  • In English (75)
  • På Norsk (22)

Recent posts

  • I Unåde hjå Gud i Gloppen 31.05.2025
  • Postcard from Cappadocia 26.01.2022
  • The Great Indoors of Arabia 22.01.2021
  • Life in the Desert 21.01.2021
  • The Value of Being Best 18.01.2021
  • The Incomparable Dubai 16.01.2021
  • Bull Wrestling in Fujairah 15.01.2021
  • Don’t They Know it’s Friday? 14.01.2021
  • My Problem with Camels 13.01.2021
  • How an Oasis Looks for Real 12.01.2021

Abu Dhabi Belgium Brazil business car comment Cusco desert drink England facts fishing Fitje France fun Germany hiking hoax holiday humor Internet Ireland IT journal landscape mountain movies music news Nigeria Nigeria letter Norsk notice opinion Peru photo photos Portugal Runar story sunset travel UAE USA weird

You may have missed

ChatGPT Image Jun 1, 2025, 04_45_23 PM
  • På Norsk
  • Ting som undrar meg

I Unåde hjå Gud i Gloppen

(Stein) Runar Bergheim 31.05.2025
  • Frå reiser & turar
  • Videos

Postcard from Cappadocia

(Stein) Runar Bergheim 26.01.2022
DSC_3401
  • Photos
  • Travel & destinations

The Great Indoors of Arabia

(Stein) Runar Bergheim 22.01.2021
IMG_3061_59_60
  • Photos
  • Travel & destinations

Life in the Desert

(Stein) Runar Bergheim 21.01.2021
Copyright © All rights reserved. | MoreNews by AF themes.