Vyrde frendar, nye som gamle, med 12 små gløtt frå eitt minnerikt 2013 vil eg ynskje deg og dine eitt retteleg godt 2014.
I romjula for fem år sidan, medan eg sat og skreiv reiserekningar, gjorde eg ei oppdaging som sidan den gong har utvikla seg frå å vere ein fiks ide til å bli ein fullskala psykose av spesialmedisinske dimensjonar: eg fann ut at eg hadde vore i eitt nytt land kvar kalendarmånad i året.
Eg reknar meg sjølv for å vere eitt statistisk mellomgodt menneske, men som det heiter i den Norske Kyrkja si syndsvedkjenninga, hugen til det vonde bur i hjarta mitt. Denne hugen kan gje seg så mangt eitt utslag, i mitt tilfelle kjende eg ein ugjendriveleg trong til å dele oppdaginga mi med alle eg kjende, i von om at dette måtte kveikje undring, beundring eller aller helst missunning hjå vener, kollegaer – og grannar. Det er lettare å ta mannen ut av småbruket enn å ta småbrukaren ut av mannen.
Sidan den gong har eg kvar romjul gått gjennom kalendaren og fotosamlinga mi med lys og lykte for å sjå om eg har lukkast med å klokke inn eitt nytt land kvar månad “dette året også”. I år feira eg jul i Bryssel og medan eg sat og plukka med jule- og nyttårshelsingar kom eg fram til at eg i år “mangla” eitt land. Vi skulle alikevel ut og gå oss ein tur og vi køyrde såleis halvannan time opp til kysten av Belgia og inn i Nederland (omlag 200 meter) slik at eg kunne “kvittere ut” Desember.
Under køyreturen heimatt opplevde eg ein sjeldan augneblink av sjølvinnsikt: (1) dette kan ikkje vere helsesamt; (2) dette er truleg ikkje så interessant for folk som eg trur det er.
Årsskiftet 2013/14 er såleis siste gongen eg kjem til å plage vener og kjende med reisevanane mine.
Kor som er: til dei eg har sett mykje av i året som har gått seier eg på gjensyn; til dei eg har sett (for) lite av festar eg von til at vegane våre kryssast oftare i det nye året.
- Kveldslys slik det ser ut i Kalbu Park i Muskat i januar // Evening scene from Kalbu Park, Muscat
- Fyrste møte med Taj Mahal ein grytidleg februarmorgon i Agra // My first meeting with Taj Mahal
- På tradisjonsrik skitur til Svarte Kari saman med Ove Drageset ein godversdag i mars // Mount Svarte Kari, the ultimate winter destination
- Iran er ikkje så gale som dei vil ha det til – det seier no eg etter ein tur til Tehran i april // Iran isn’t so bad after all… In fact, it’s quite ok
- Vårleg strandvandring i Knokke i mai månad // Eccentric beach habits in Knokke
- Køyretur mellom sandfjella i “the Empty Quarter” ein brennheit junidag // A drive between mountains of sand
- Sommarleg julinatt i St Petersburg // (Semi-) white nights in St Petersburg
- I august: ein utilsikta tur til Champagne grunna GPS-trøbbel // An accidental trip to Champagne due to a non-cooperative GPS
- September i Luxembourg: det er underleg at det skal vere så triveleg heime hjå EU for ein gamal “motstandsmann” // Luxembourg City, always project reviews but also a pleasant place
- Haustleg strandvandring på Algarvekysten i oktober // Autumn escape to the Algarve
- London i november // Meeting old and new friends and colleagues at the LoCloud plenary in London
- Romjulstur til Cadzand i desperasjon etter å fylle opp “landskvoten” // A Christmas walk on the beach in Cadzand
Godt nyttår!
Runar