Ting som gler meg

Stundom er det noko å feire, stundom er det noko kjekt og andre gonger skjer det noko som er så rørande dumt at eg ikkje veit om eg skal le eller gråte. Då ler eg helst.

  • Godt nytt år 2015/16

    Godt nytt år 2015/16

    Vyrde frendar, nye som gamle,

    Like brått som det byrja er året 2015 kome til ende — og 2016 står for døra, reint og ubrukt.

    Eg vonar det nye året vert rikt på framgang og opplevingar, at det vert fylt av lukke men at det vert fattig på motgang og svartsyn.

    Eg vonar livet i det nye året vil leggje seg i laglege foldar og ynskjer dykk hermed eitt meir enn alminneleg godt nytt år.

    SRB signature 250px

    Foto: Eld og svovel — nært møte med naturkreftene på Kawah Ijem på Aust-Java, Indonesia. Eitt av mange inntrykk frå eitt 2015 som i skrivande stund er historie.

     

  • Godt Nyttår 2013/14

    kort-norsk
    Vyrde frendar, nye som gamle, med 12 små gløtt frå eitt minnerikt 2013 vil eg ynskje deg og dine eitt retteleg godt 2014.

    I romjula for fem år sidan, medan eg sat og skreiv reiserekningar, gjorde eg ei oppdaging som sidan den gong har utvikla seg frå å vere ein fiks ide til å bli ein fullskala psykose av spesialmedisinske dimensjonar: eg fann ut at eg hadde vore i eitt nytt land kvar kalendarmånad i året.

    Eg reknar meg sjølv for å vere eitt statistisk mellomgodt menneske, men som det heiter i den Norske Kyrkja si syndsvedkjenninga, hugen til det vonde bur i hjarta mitt. Denne hugen kan gje seg så mangt eitt utslag, i mitt tilfelle kjende eg ein ugjendriveleg trong til å dele oppdaginga mi med alle eg kjende, i von om at dette måtte kveikje undring, beundring eller aller helst missunning hjå vener, kollegaer – og grannar. Det er lettare å ta mannen ut av småbruket enn å ta småbrukaren ut av mannen.

    Sidan den gong har eg kvar romjul gått gjennom kalendaren og fotosamlinga mi med lys og lykte for å sjå om eg har lukkast med å klokke inn eitt nytt land kvar månad “dette året også”. I år feira eg jul i Bryssel og medan eg sat og plukka med jule- og nyttårshelsingar kom eg fram til at eg i år “mangla” eitt land. Vi skulle alikevel ut og gå oss ein tur og vi køyrde såleis halvannan time opp til kysten av Belgia og inn i Nederland (omlag 200 meter) slik at eg kunne “kvittere ut” Desember.

    Under køyreturen heimatt opplevde eg ein sjeldan augneblink av sjølvinnsikt: (1) dette kan ikkje vere helsesamt; (2) dette er truleg ikkje så interessant for folk som eg trur det er.

    Årsskiftet 2013/14 er såleis siste gongen eg kjem til å plage vener og kjende med reisevanane mine.

    Kor som er: til dei eg har sett mykje av i året som har gått seier eg på gjensyn; til dei eg har sett (for) lite av festar eg von til at vegane våre  kryssast oftare i det nye året. 

    Godt nyttår!

    Runar

  • 17. Mai!!!

    Til lukke med dagen Noreg!

    Til dei som ser ljost på det: vi har eitt eineståande land som vi har all grunn til å vere nøgde med.

    Til dei som ser svart på det: det er mykje i Noreg som er gale, men eg er styggeleg redd at det er meir som er bra!

    Til dei som ikkje bryr seg: det er Torsdag.

  • Are Frode Søholt: Ho står i rommet mitt og brenn

    Det er ikkje til å legge lok på at eg vert uroa når eg såg frende Are Frode Søholt gjere diktdebut på forlaget Tiden – samstundes vart eg vàr ei snikande og utilfreds kjensle av ikkje sjølv å ha utretta noko av tilnærmingsvis same proporsjon.

    Forlaget si omtale av diktsamlinga:

    ho står i rommet mitt og brenn er ei vakker, kjenslevar, musikalsk og tilgjengeleg diktsamling. I debutsamlinga ho står i rommet mitt og brenn skriv Are Frode Søholt fram ei historie om eit par som går gjennom ulike stadier av eit forhold. Frå ei forelsking, til eit samliv og til eit brot. Dikta fortel oss noko om problemet med å få kommunisert det ein føler eller tenkjer, både overfor ein kjærast, og for seg sjølv. Men samtidig uttrykker dikta noko om seg sjølv; ubehaget over ikkje å nå fram.Are Frode Søholt f. 1974 er songar og debutant.

    Boka kan bestillast frå Tiden forlag.

    Gratulerar Are Frode!

  • Korleis korte ned møta: litt ukomfortable stolar…

    Slightly Uncomfortable Chairs

    Eit knippe litt ukomfortable stoldesign som etter alt å døme vil kome til å korte ned tida ein brukar på unaudsynt småprat under forretningsmøte. Eg kjøper desse! Sjå fleire her.

    http://www.todayandtomorrow.net/2008/11/25/the-slightly-uncomfortable-chair-collection/

  • Protected: Aktlaust dikt

    This content is password protected. To view it please enter your password below:

  • Juleførebuingar i UAE

    Photo-3.jpg

    På hotellet Le Meridien er dei travelt opptekne med å montere opp juledekorasjonen sin. Den består av eit isslott, ein Tysk-Austeriksk alpelandsby og ein skog av plasttre med falsk snø.

    Det kan vere verd å stanse og tenkje seg om i religionsdebatten heime i Noreg når ein ser dette. Midt i eit strengt muslimsk land køyrer dei på med Jesuskrubber, julefeiring og alt som høyrer høgtida til. I Noreg undrar vi om vi ikkje burde avvikle kristendomsundervisning i skulen for å unngå å krenkje folk som tilhøyrer andre religionar.

    Dagens ord: sameksistens!

  • Status: 45% ferdig – 55% att

    cannedcheeseburger.jpg

    Hermetisk cheeseburger frå tyske Trekking-Mahlzeiten: eit av dei mest uforståelege produkta som nokon sinne har blitt lansert på den opne marknaden. Eg mottok to eksemplar frå mine utmerkte kollegaer Per, Frode og Richard i går kveld!

    Det er 11. desember og eg har jebussdag att…

    Den 34 i rekkja. I følgje Statistisk Sentralbyrå sin tabell “Forventet gjennomsnittlig levealder, gitt at en viss alder er oppnådd” kan eg sjå fram til ytterlegare 42.9 år i landet – ettersom eg har skrapa meg forbi 30.

    I Microsoft Project-terminologi skulle dette tilseie at eg er 45% og – at eg om eg held framdrifta – skal vere ferdig til deadline i oktober 2051.

    Men det er over 15 000 dagar til enno.

  • Skilt og plakatar i UAE

    Adgang forbudt for andre enn bønder og turistar. Eit kjekt skilt å sjå for ein bondeson som er turist. Vanlegvis er det omvendt…

    Denne stranda er berre for familiar. Eigentleg ingen dum idé, men for Tor Gunnar, Mike og meg betydde det at vi ikkje fekk overnatte på det lokale hotellet.

    Khat Politistasjon. Ein tornefull og vanskeleg veg til ein ironisk namngjeven politistasjon.

    Kjøp ein eigedom i Dubai og få ein Bentley eller BMW med på kjøpet. Du er også med i trekninga av eitt privatfly og ei privat øy. Pondus over premiane frå arabiske eigedomsmeklarar…

  • Sand, sand, sand…

    Sanddyne i ørkenen mellom Abu Dhabi og Al Ain i låg kveldssol

    Handling er ein fin ting, men det finst grenser for kor lenge ein kan rusle kringom i Abu Dhabi og handle. Ein kan naturlegvis variere med å ta seg ein tur til Dubai for å handle. Men det er, når alt kjem til alt, ikkje så veldig annerleis å handle i eitt stort kjøpesenter enn det er i eitt anna. Eitt populært alternativ er å køyre ut i ørkenen med ein firehjulsdriven bil og la trafikkreglane bli att på vegen.

    Å køyre i sanden er ein kunst arabarane kan. Det viktigaste er å ikkje stanse, men heile tida halde bilen i rørsle. For å få betre grep i den lause sanden tappar ein også gjerne ut noko lufta or dekka. Deretter køyrer ein som ein villmann i sanddynene utan overdriven respekt for liv og helse hjå passasjerar eller andre bilistar.

    Onsdagsettermiddagen la Tove, Jorunn, Jens, Mike og eg ut på tur saman med ein halvgalen indisk sjåfør for å prøve oss på sanddynene mellom Abu Dhabi og Al Ain. Bileta over/under var tekne på denne turen. Det var ein langt tryggare tur enn dei eg har prøvd før i Brasil, men likevel tilstrekkeleg til å byggje opp atskilleg adrenalin i skrotten.

    På vegen ut til dynene var vi innom ein kamelfarm. Her kunne ein kjøpe seg ein ordinær kamel for mellom 1 000 og 2 000 DHS. Det vart ikkje kjøpt noko denne dagen.

    Arabarar i Land Cruiserar leikar seg i sanden.

    Det er vanskeleg å skjøne kvifor bilane ikkje kvelvar slik det vert køyrt. Det er enno vanskelegare å skjøne når ein sit inni.

    Medan det framleis er lyst like etter solnedgong får sanddynene ein mjuk, fløyelsaktig utsjåand.